
Kinn er ei av mange øyar utanfor Florø. Øyane har eit godt heilårleg tilbod av både båtruter, taxi-båtar og båtar som kan leigast til charterturar. Florø er senteret i kommunen, som har namnet Flora og har eit innbyggjartal på omlag 11500 (2010). Florø by feira 150 års jubileum i 2010 - byen vart grunnlagt som "ladested på Florøen i Kinns Præstegjeld" den 16. mai 1860.
Bildet til høgre viser typisk reiserute med båt (direktetur) frå Florø til Kinn,
turen tek omlag 30 minutt. Dersom du reiser med dei daglege rutene stoppar båten på fleire av øyane før du kjem til Kinn og reisetida vil då bli frå 30 til 45 minutt.
Dersom du vil vere med på dei daglege (ma-fr) guida turane i Kinnakyrkja i månadane juni, juli og august 2011, finn du nærare informasjon om rutetider her.
Det går fleire båtruter til og frå Kinn kvar dag heile året. Dei tre aktuelle rutene (med kvart sitt rutenummer) kan du finne her :
rute nr 14-639, rute nr 14-640 og rute nr 14-641
Fotoet nederst på sida viser kor du
finn dei lokale rutebåtane som går frå Florø til Kinn. Denne delen av Florø hamn
heiter Fugleskjærskaia og ligg ved enden av
RV 5. I Florø er der parkering mot
avgift, dette gjeld også parkeringsplassen på Fugleskjærskaia (automat
like ved plassen). Buss-stasjonen ligg berre 150 meter frå kai-området
og mange av bussane køyrer også nedom Fugleskjærskaia.
Forutan med dei daglege båtrutene kan du også reisa frå Florø til Kinn med taxi-båt. Mange "blåturar" og bryllupsfølgjer til Kinn har også nytta veteranbåten "ATLØY". Fotoserien "BÅTAR I FLORA-ØYGARDEN" nederst på sida viser mange av båtane som går i rute- og charter-trafikk i Flora-øygarden.
M/S "HAVSKYSS" : taxi-båt med kapasitet på 11 passasjerar. Kontakt M/S "HAVSKYSS" direkte for bestilling, telefon : 913 48 934.
M/S "FJORDTAXI" : taxi-båt med kapasitet på 19 passasjerar. Kontakt båteigar Magnus Liabø for bestilling, telefon : 415 64 205.
M/S "FRIMANN" : taxi-båt med kapasitet på 20 passasjerar. Kontakt båteigar Leidulv Grytten for bestilling, telefon : 901 07 358.
Veteranbåten M/S "ATLØY" kan leigast for charter-turar til mellom anna
Kinn, der den har vore mange gonger i samband med bryllup og utflukter
for større grupper. Kontakt Atløys Venner for booking, telefon 900 51 867.
Flyselskapet Danish Air Transport
(DAT) har mange daglege avgangar Florø-Oslo og Florø-Bergen. Frå Florø Lufthamn tek det berre 5 - 10 minutt med drosje til Fugleskjærskaia, ring Florø Drosjesentral, telefon 57 74 10 15.
Florø er også stoppestad for
hurtigruta og
ekspress-båtane mellom Bergen og Nordfjord (Selje).
