
Kinn var i middelalderen ein besøkstad for pilegrimar. Dei var gjerne på reis langs kysten med Selja eller Nidaros som mål. Kinn og Selja er begge knytt til segna om Sta. Sunniva. I soga om Olav Tryggvason står det om dei heilage på Kinn og Selja, noko som fortel oss at både Kinn og Selja var mål for pilegrimar langs kysten.
I segna om Kinnakyrkja vert det fortalt at Borni, som var ei av dei to andre prinsessene i fylgjet til Sunniva, fekk bygd kyrkja med hjelp av ein tusse som heitte Vindflog (Vindfløy). Dette kan tyde på at Kinnakyrkja er ei Olavskyrkje, ettersom det er vanleg å møte denne Vindflog-tussen mange andre stader der det er bygd Olavskyrkjer.
Det er no starta opp eit prosjekt kalla "Pilegrimsprosjektet Sta. Sunniva", der ein ønskjer å lage vandreruter mellom Kinn og Selja. Her finn du ei skisse av prosjektet slik det vart lagt fram i startfasen.
Pilegrimsleia mellom Selja og Kinn har fått namnet Sunnivaleia. Denne leia vil truleg verte forlenga til Bergen.
I år vil den andre store vandringa langs Sunnivaleia bli arrangert. Vandringa startar med avreise frå Florø den 26. juni med Kinn som første reisemål. Dagen etterpå startar reisa mot Selja og Seljumannamessa der den 3. juli. Program for denne vandringa finn du her.
Utstein Pilegrimsgard arrangerer pilegrimstur langs kysten frå Stavanger til Trondheim med M/S "GANN". Båten legg ut frå Stavanger 23. juli og kjem til kjem til Trondheim 28. juli. På turen tilbake til Stavanger går båten innom Florø / Kinn den 30. juli. Ta kontakt med Utstein Pilegrimsgard for nærare informasjon.
For dei som vil legge ut på pilegrimsreise på eiga hand basert på bruk av offentleg rutetransport langs kysten har Stavanger bispedømme laga ein reiseplan som inneheld forslag til stoppestader, overnattingsstader og anna praktisk informasjon.
Pilotprosjektet pilegrimsleden
Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge
Ei reise langs Sunnivaleia med båt frå Selja til Bergen via Kinn.
Artikkel frå "Pilegrimen" nr 2 i 2008 :
"Kinn si tilknytting til Sunnivasegna og Heilag Olav".