HEIMESIDA TIL kinnguide.no
PILEGRIM KINN TURISTSERVICE REISA TIL KINN KINN GJESTEHUS

Kinn Gjestehus sett frå vegen
Kinn Gjestehus sett frå vegen
Inngangsparti og uteplass
Inngangsparti og uteplass
Utsikt frå soverom mot nordvest
Utsikt frå soverom mot nordvest
Utsikt frå soverom mot Rognaldsvåg
Utsikt frå soverom mot Rognaldsvåg
Utsikt mot Batalden i nord
Utsikt mot Batalden i nord

KINN GJESTEHUS

OVERNATTING SERVERING


Kinn Gjestehus er eit bustadhus frå 1951 som er omgjort til gjestehus frå 2007, etter at det vart utført omfattande vedlikehald av mellom anna VVS og elektriske installasjonar. Huset ligg ca 800 meter frå kaia vestover mot Kinnakyrkja.

Kinn Gjestehus har kapasitet på 8 senger fordelt på 3 soverom med litt ulik størrelse. Alle rom har havutsikt.  Du finn meir detaljert informasjon om romma lenger nede på denne sida, prisar for utleige finn du her.

Huset kan også nyttast til bevertning for grupper opp til 16 personar. Ta kontakt med Kinn Turistservice for prisar.

ROM-BESKRIVELSE

Huset har 3 utleigerom i loftsetasjen. Hovudetasjen inneheld kjøkken, stove, leserom, bad og gang. Romma i hovudetasjen har god standard med lyse og trivelege fargar. Loftsetasjen har WC og 3 soverom, som har enkel standard med nye, gode senger. Sjå bilder frå interiøret her.

Kjøkken

Kjøkkenet er godkjent av Mattilsynet og vert nytta i samband med bevertning, inklusive frukost og andre måltid til overnattingsgjester.

Stove

Stova vert brukt til bevertning og har kapasitet til (maks) 16 personar. Der er vedomn og på murveggen ved sida av er der eit stort vegg-maleri av den kjende kunstmalaren Harald Seim (1882-1975) frå Kinn, som laga maleriet på slutten av 1960-talet. Stova er halden i 50-tals stil, det same gjeld møblane. Store vindauge både mot sør og aust.

Leserom

I tilknyting til stova er der eit opphaldsrom med gode lenestolar, eit lite bord, litt litteratur og radio av god, gammal årgang. TV finst ikkje i huset ! Store vindauge mot nord og aust.

Bad

Dusjkabinett og WC

Soverom

Loftsetasjen har 3 soverom, to av desse har 2 senger. Det største er eit familierom med 4 senger.

WC

I loftsetasjen er der eige WC.