Kinn Turistservice tilbyr guida vandring på øya frå kaia til kyrkja - ein tur på omlag 40 minutt i roleg gange langs ein vel 1 km lang grusveg. På turen får du mellom anna høyre om dei store sildefiskeria ved Kinn. I kyrkja, som er ei av dei eldste i landet, får du ei spesiell stemningsoppleving. Omvisinga er ei tidsreise med tonefølge, der ein får høyre om kyrkja si utvikling, frå 1100-talet og fram til i dag.
Guidinga skjer til faste tider alle kvardagar (mandag til fredag) i juni, juli og august 2011. Desse omvisingane er tilpassa daglege turistruter med avgang frå Florø kl. 12.30 . Båten går direkte til Kinn, reisetid Florø - Kinn er omlag 30 minutt. Retur frå Kinn kl. 15.10 (ank Florø ca 15.50), 16.30 (ank Florø ca 17.10)eller med kveldsrute frå Kinn ca kl. 20.30 (ty og fr)/ca kl. 21.00 (ma,on,to), med ankomst Florø ca kl. 21.30 alle dagar.
Du kan også bestille omvising i kyrkja utanom desse faste tidene.
Kinn Turistservice kan tilby å arrangere turar for
grupper der både båtreise og omvising i Kinnakyrkja er inkludert. Gruppe-prisar finn du nederst på denne sida.
Ta kontakt med Kinn Turistservice
for nærare informasjon.
Prisar for sommar-sesongen 2011
Gjeld berre for omvising i samband med turistruter frå Florø kl. 12.30 (ma-fr) i juni, juli og august 2011. Prisane gjeld for guida tur frå kaia til kyrkja pluss omvising i kyrkja, totalt omlag 1 time 30 minutt.
Vaksen : kr.120,-
Student : kr. 60,-
Barn under 16 år : Gratis i følgje med vaksne
NB! Prisane inkluderer IKKJE båtbillett.
GRUPPE-PRISAR 1. APRIL - 15. SEPTEMBER 2011
Minstepris : kr. 1000,-
Grupper opp til 25 : kr. 2000,-
Grupper frå 26 til 50 : kr. 3000,-
Grupper frå 51 til 70 : kr. 4000,-
Grupper over 70 : kr. 5000,-
Maks antal personar pr. omvising : 120
Skuleklassar (1. til 10. kl.), speidergrupper, m.v. :
kr. 600,- pr.time, maks 30 personar pr. gruppe.
NB! Prisane inkluderer IKKJE båtbillett.