REISA TIL KINN

VELKOMMEN TIL KINN
~ 2010 ~

Kinn er ei av dei vestlegaste øyane med fast busetnad i Norge og ligg omlag 15 km vest for Florø, på kysten av Sogn og Fjordane. Her kan du sjå korleis du kan finne vegen til Kinn.

GUIDING


Kinn er kjend for si gamle middelalder-kyrkje frå 1100-talet og den karakteristiske Kinnaklova lengst vest på øya. Sommaren 2010 er det guiding i samband med M/S "ØYSERVICE" sin avgang frå Florø kl. 16.00 til Kinn (ma-fr) i juni, juli og august !

Etter at guidinga er ferdig vil Kinn Gjestehus ha åpen cafè fram til båtavgang. Her kan du få kjøpt kaffi, te, vaflar, brus, etc.

KINN GJESTEHUS

Kinn Gjestehus kan tilby overnattingar med frukost ("Bed & Breakfast") og dessutan enkel lunsj og middag for dei overnattingsgjestene som ønskjer det.

Kinn Gjestehus kan også arrangere servering for mindre grupper i samband med blåturar o.l.

BRYLLUPS-PYNTING

Kinnakyrkja er populær som bryllups-kyrkje og her er mange bryllup kvar einaste sommar. Har du planar om bryllup og treng hjelp med pynting av kyrkja ?

PILEGRIM

Kinn og Kinnakyrkja er tilknytt segna om Sta. Sunniva frå Selja. Det er no starta opp eit prosjekt kalla "Pilegrimsprosjektet Sta. Sunniva", der ein ønskjer å lage pilegrimsruter mellom Kinn og Selja.

Det vert pilegrimsvandringar i 2010 i samband med Seljumannamesse. Vandringa går frå Kinn med start 28. juni og endar på Selja 4. juli. Les meir om pilegrimsvandringar i 2010 her.

KINNASPELET

Kinnaspelet er i 2010 lagt til 19. og 20. juni. Første framføring var i 1985 og sidan den gong har det vore spel kvart år, uansett værforhold. Kinnaspelet er eit historisk spel der både Kinnakyrkja og Kinnaklova dannar mektige kulissar i eit utandørs teater med utsyn mot havet og Ytterøyane fyr. Du kan lese meir om spelet og finne mykje praktisk informasjon om mellom anna billettar og transport på Kinnaspelet sine heimesider.

KINN TURISTSERVICE

Informasjonen du finn på desse sidene er laga av Kinn Turistservice, som vart starta av Gry J. Seim i 2007.

DESTINASJON KINN PÅ FACEBOOK
ENGLISH VERSION
KART
KLOKKETAARNET OG KLOVA